Naturopplevingar, frå fjord til fjell

Om Hyen

Innbyggjartalet i Hyen er ca. 600, og Hyen har eit omfang på 381 km2. Busetjinga er forutan bygdesenteret spredt på dalføra Vestredalen og Austredalen. Bygda har vegforbindelse til kommunesenteret Sandane i aust, til Florø i vest og til Førde i sør.

Hovudnæringa i Hyen er landbruk, men også fiskeoppdrett og industri. Den største bedrifta, og arbeidsplassen i bygda er båtbyggeriet Brødrene Aa. Dette selskapet utviklar og produserer produkt i armert plast. Selskapet har røter tilbake til 1947. Fiskeoppdrett fins fleire stader i den flotte Hyefjorden.

Friluftshelga
Kvar sommar arrangerar bygda Friluftshelga. Sjølv om det heiter Friluftshelga blir det arrangert forskjellege aktivitetar også i veka før helga, blant anna fjellturar og sogevandringar.

Det er naturlegvis den store myldredagen, laurdagen, som samlar mest folk. Då samlar folk seg i Hyen Sentrum der ein kan høyre på vakre tonar frå Hyen Spelemannslag, gå på kyrkjekonsert, og ikkje minst sjå på den flotte salsutstillinga med handarbeid og kunst som held til på Columbus. Laurdagen blir avslutta med flakedans til musikk av Hyen Spelemannslag.

Det er ikkje unormalt at ein med jamne mellomrom finn på nye aktivitetar til Friluftshelga. Eit eksempel er rafting i Hopselva som var i 2008. (Sjå bilde oppe)

Lokale lenkjer:
LarstunetBrødrene AaVågen Motell & CampingVestre HyenNesholmen

Finne Hyen
Dersom du er i Florø, Førde eller Stryn er det ganske enkelt å finne vegen til Hyen.


Vis større kart


Hyen Natur og Friluft | Tlf. 975 91 747 - olajan.birkeland@ekontor.no

Logg inn | Designa og utvikla av nullstress.net