Tilbod
Det er mange her i Hyen som har noko spennande å by på. Det kan vere gamle sel til leige, kunnskap om bygda, gode historier, tradisjonsrik kokkekunst og, ikkje minst god kjenn- skap til fjell og fjord.
Kanskje du vil vere med på fjell- eller bretur, kose deg i båten med fiskestanga, eller sitte og hyggje deg rundt bålet med familie og kjente.
Legg fram ynskjet ditt, og vi vil hjelpe deg å få dette oppfylt.
Ein del av aktivitetane våre er tilrettelagde for funksjonshemma.
Høyres dette interessant ut? Ta ein kikk på kva vi har å tilby!
Vi ser fram til å høyre frå deg!


